Sal av fyrverkeri

I år, som i fjor, sel Hasundgot IL fyrverkeri i romjula. Heile overskotet av salet vil gå til ungdomsarbeid i idrettslaget.

Du kan også sjå årets kundeavis ved å klikke på denne lenka.

Salet vil gå føre seg ved Spar Straumane, og vil ha ope til følgjande tidspunkt:


27.12. Kl. 12-18
28.12. Kl. 12-20
29.12. Kl. 12-20
30.12. Kl. 12-18


Vi håper å sjå deg ved salsboda vår i løpet av desse dagane 🙂

Treng du ein påminnar? Gjerne delta på vår Facebook-event!

Hasundgot IL ønskjer deg ei riktig så fin romjul, og eit godt nytt år!