Sportsleg leiar

Den sportslege leiaren i Hasundgot IL skal vere eit bindeledd mellom fotballstyret og grasrota, slik at trenarar og lagleiarar får den oppfølginga dei treng i verva sine.

Mellom anna skal den sportslege leiaren bidra til å utvikle og implementering sportsplanen og andre retningslinjer for sportsleg aktivitet – samt at desse blir følgd opp av idrettslagets trenarar.

Det er også ein føresetnad at Sportsleg leiar vert kopla inn i saker som gjeld overgangar (til og frå Hasundgot), hospitering og andre sportslege tiltak.

Vår sportslege leiar, Joakim Rødven, kan nåast på telefon 482 29 993 eller på e-post: roedven@gmail.com.