Om Hasundgot IL

Hasundgot IL blei stifta den 17. november 1976 og hadde på dåverande tidspunkt følgjande styregrupper:

  • Styret (Nils Dimmen)
  • Banenemd (Elbert Ertesvåg)
  • Arrangørnemd (Åse Ringstad)
  • Fotballgruppe (Arne Sundgot)
  • Handballgruppe (Janlaug Dimmen).

Namna i parantes var leiarane i dei ulike gruppene. Leiv Sundgot har blitt nemd som ein av iniativtakarane til stiftingssmøtet, og det var også han som leia dette møtet.

Per 01.01.2015 hadde HIL 655 medlemmer, av desse var 320 aktive.

Klubben har eige klubbhus, kunstgrasbane (bygd i 2010), nye garderobefasilitetar (bygd 2015), nye innbytarbenkar (bygd i 2016) og eit lite grusfelt mellom kunstgrasbana og dei nye garderobene.

I tillegg til hovudstyret er klubben i dag sett saman av komiteane Hasundgot Fotball, Trim, Hus og anlegg og Økonomigruppa.

Dagens klubbstyrer og -nemnder:

Oppsummering av dei siste sesongane:

2011:

Vi hadde en flott sesong på alle nivå og på ny bane og håper på like stort publikumsoppmøte og engasjement i sesongene videre.

2012:

Vi opplever at det også i år var vanskelig å få folk til å stille på dugnad, vi oppmodar våre medlemmar på det sterkaste å ta del i dei dugnadane som det vert oppfordra til. Frikjøp frå dugnadane vil førebels bli teke bort, men vil sannsynlegvis bli mogeleg igjen ved eit seinere høve.

2013:

Året starta med ei storstilt oppussing av hovedetasjen av klubbhuset. Takk til alle som deltok på dette!

2014:

Årets store prosjekt var oppussing av kjellaretasjen slik at barnehagen kunne nytte lokalet fullt ut. I tillegg var det ein oppstart av nytt garderobebygg.

I anleggsnemda var det i 2014 stor aktivitet med vedlikehald av den nye kunstgrasbanen og av klubbhuset. Husnemda har hatt ansvar for utleige av klubbhus til selskap og arrangement (i tillegg til fast utleige til Sundgotmarka barnehage).

2015:

Hasundgot Fotball hadde i 2015-sesongen påmeldt 22 lag i alle aldrar, og det var 350 aktive utøvarar – pluss lagleiarar og trenarar.

Overtrekksdressar og utstyr

Hasundgot IL har avtale med G-sport Hofset i Ulsteinvik. Ved kjøp av sportsutstyr ved G-Sport får medlemmar og aktive utøvarar i idrettslaget ein eigen Hasundgot-rabatt.