Klare til haustens store lokalderby

Dei siste åra har kampane mellom Hasundgot og Hareid sesongens høgepunkt. Det har ofte vore mykje temperatur og prestisje i desse kampane, mest for å kunne skryte på jobb/skule dagen derpå.

Ein kan derimot argumentere for at Hasundgot mot Hødd 3 er kneppet høgare i prestisje, ettersom begge laga høyrer til same kommune; og dermed eit endå tettare lokaloppgjer enn oppgjeret mot Hareid.

I tillegg er det ekstra motivasjon å spele mot Hødd som klubb (at det står eit tretal bakom betyr ikkje så mykje! 🙂 )

Då laga møttest i motsett oppgjer i vår, vart det poengdeling etter at Hasundgot kom tilbake frå 0-2 og berga 2-2 heilt på tampen.

Når vi inviterer ulsteinvikarane til Dimnøya onsdag kveld går vi sjølvsagt for alle tre poenga, og vi håper at flest mogleg kjem for å heie fram seniorlaget!

Avspark på Hasundgot kunstgras er onsdag 6. september klokka 18:30. Vel møtt!