Eit historisk tilbakeblikk – 40 år med Hasundgot

publikum
«Fotballekspertane» på tribunen med mange meiningar om det aller meste.

Idrettslaget vart stifta i 1976, og har gjennom historia både hatt fotballag i alle aldrar på både herresida og damesida, i tillegg til handballag. I dag er det fotball og trimgruppa som står igjen av sportslege tilbod, og vi har over 600 registrerte medlemmar i idrettslaget.

Meir om organiseringa av idrettslaget kan du lese i kategorien om oss.

Herrelaga

Etter stiftinga i 1976 har det vore mange spanande sesongar på Hasundgot stadion, og her er eit lite utval av dei laga som har pryda herrefotballen sidan 1980-talet:

Damelaga

Damelaga har også vore ei stor og viktig gruppe for Hasundgot IL. Dei siste åra har det vore litt «av og på» med å stille lag på seniornivå, men det har vore gode sesongar dei åra damene har mønstra lag.

Mellom anna vart det ein solid siger i 7.ar-serien avdeling 2 i 2015, og ein fin 2.plass bak serievinnar Volda i 2016.

Her er eit lite utval av bilde frå seniorlaget til damene:

Gamle artiklar på hasundgot.no:

KLIKK HER FOR FLEIRE GAMLE ARTIKLAR!