Herrelaget

Framfor 2018-sesongen signerte Per Gustavsen og Øystein Muren begge ein toårsavtale som trenarar for herrelaget. Duoen tek over etter Lars Breivik, som har leia laget sidan 2015-sesongen.

Herrelaget rykka ned frå 5.-divisjon i 2014, og avslutta sin tredje strake sesong i 6.-divisjon med ein 4.-plass bak Bergsøy II, Åmdal og seriveinnar Sæbø. I 2015 enda det med ein 3.-plass og i 2016 vart det ein 6.-plass på kvittrøyene.

I trenarteamet denne sesongen har Per og Øystein også med seg Morten Knutsen (fysisk) i tillegg til at Vidar Ertesvåg, som også var trenar for a-laget i perioden før Lars Breivik, blir med i ei mindre rolle enn tidlegare.

LES NYEHEITER FRÅ HERRELAGET HER!