Hasundgot IL

Siste nytt

Adelskalender for herrelaget

Kampar og mål for 2018-sesongen er teld opp og oppdatert. Det er ikkje altfor mange «store» endringar, men nokre milepålar har redaksjonen notert seg.

Mellom anna har 18-åringen Nicolai Haddal Molvær allereie passert 50 kampar.

Også Marius Muren passerte eit rundt tal førre sesong og landa fjorårets sesong på 101 kampar (40. plass totalt).

Les heile adelskalenderen her!

Sebastian Moldskred Kleven, som har vald å bli verande i Hasundgot til tross for interesse frå hald høgare oppe i seriesystemet, har også klatra mykje i år. Med sine 81 kampar totalt har han spelt seg inn blant topp 50.

Ringrevane Mats Bigset og Svein Eirik Ertesvåg kryp stadig innpå toppen og ligg no på høvesvis 8.- og 9.-plass på adelskalenderen. Etter sesongen har Mats no 239 kampar og Svein Eirik har 236 kampar totalt.

Rasmus Sundgot er framleis urokkeleg på topp med sine 409 kampar.

Topp 10-lista ser slik ut:

NR NAMN MÅL ANT.KAMPAR
1 RASMUS SUNDGOT 34 409
2 BJØRN ERLING CLEMENTSEN 37 374
3 LARS BREIVIK 6 339
4 JOSTEIN SUNDGOT 33 300
5 TRYGVE SUNDGOT 66 266
6 ØYVIND SUNDGOT 111 250
7 OTTAR ANDRE BREIVIK 84 246
8 MATS BIGSET 12 239
9 SVEIN EIRIK ERTESVÅG 12 236
10 KURT RUSNAK 54 226

Toppscorarar

I scoringsoversikta gjer vi oss spesielt éi bemerkning.

Sebastian vart årets toppscorar med 16 mål, men lagkaptein Ruben Muren segla opp på topp 10-lista over klubbens mestscorande.

Ruben har no scora totalt 46 mål for Hasundgot – med Sebastian hakk i hæl med sine 45 mål.

Øyvind Sundgot ligg framleis ganske langt framom desse to på toppen av scoringstabellen, med sine 111 scoringar på 250 kampar.

Topp 10-lista ser slik ut:

NR NAMN MÅL ANT.KAMPAR
1 ØYVIND SUNDGOT 111 250
2 STÅLE GJERDE 109 140
3 OTTAR ANDRE BREIVIK 84 246
4 GEORG OLSEN 82 89
5 PER ARNE HASUND 73 201
6 TRYGVE SUNDGOT 66 266
7 ASBJØRN VATTØY 64 136
8 TORE ROMESTRAND 57 150
9 KURT RUSNAK 54 226
10 RUBEN MUREN 46 174

** Eventuelle feil kan meldast inn til redaksjon@hasundgot.no **