Hasundgot IL

Siste nytt

Forsikring og kontingent

Alle må betale medlemskontigent til Hasundgot IL for å kunne spele fotball i regi av klubben.

Gjeldande satsar for medlemskontingent per 2018 er:

  • Barn: Kr. 300,-
  • Vaksen: Kr. 300,-
  • Familie: Kr. 600,-

I tillegg må alle aktive utøvarar betale treningsavgift. Gjeldande pris per 2018:

  • 7 -10 år: kr. 600
  • 11-16 år: kr. 800
  • Maks kr. 1500 pr. familie
  • Over 16 år: kr. 1500

Det er viktig at både medlems- og treningsavgift vert betalt så raskt som råd etter utsending av faktura.

Betaling av desse kontingentane sørgjer for at aktive utøvarar er forsikra gjennom vår lagsforskring, som er heilt avgjerande for å få dekt eventuelle utgifter om uhellet skulle oppstå under kamp eller trening.

I tillegg vil klubben få økonomisk tilskot frå fotballforbundet etter talet på registrerte, betalande medlemmar.

Forsikring ved fotballskadar

Ved skade og uhell på utøvarar i Hasundgot Idrettslag må dette meldast til forsikringsselskap. Norges Fotballforbund har ein samarbeidsavtale med Gjensidige.

Her kan du melde om skade som er relatert til fotballaktivitet.

NB: Er utøvaren over 18 år er det utøvaren sjølv sitt ansvar at skadar blir meld inn til forsikringsselskapet så raskt som mogleg etter uhellet har skjedd. Er utøvaren under 18 år, skal foreldre eller føresette for utøvaren melde om skada.

Ta gjerne kontakt med Hasundgot IL ved behov, eller les meir om temaet på Fotballforbundet sine eigne sider om fotballforsikring.