Hasundgot IL

Siste nytt

Stadionanlegg

Hasundgot spelte lenge heimekampane sine på gras, men etter å ha jobba målretta i fleire år starta klubben i 2010 å byggje om stadionanlegget.

På same område som den eksisterande grasbanen låg, vart det våren/sommaren 2010 lagt ei strøken kunstgrasbane, som framleis er den same i dag.

På stadionanlegget har Hasundgot også eit eige klubbhus, garderobefasilitetar (bygd 2015), innbytarbenkar (bygd i 2016) og eit lite grusfelt mellom kunstgrasbanen og garderobene.

Ein liten ballbinge ved sida av kunstgrasbanen gjer at ein også kan avlaste treningsfeltet for yngre lag i periodar med mange kampar på stadion.

Utleige av klubbhus

Klubbhuset kan leigast til ulike føremål, som til dømes konfirmasjon, bursdagar, julebord, dåp eller liknande.

Du finn meir informasjon om prisar, kontaktinformasjon og anna nyttig informasjon på våre utleigesider for Hasundgots klubbhus.