Hasundgot IL

Siste nytt

Drakter og utstyr

Hasundgot sin fargeprofil er kvit (primær) og raud (sekundær). Dette ser vi igjen på heimedrakta til alle klubbens lag der overdelen er kvit, shortsen er raud og strømpene er kvite.

Seniorlaget har også hatt bortedrakter der fargekombinasjonen er motsett, men frå og med sesongen 2018 vil bortedraktene vere i koksgrå og neongul.

I perioden 2018-2022 har Hasundgot IL ein avtale med den italienske utstyrsleverandøren Macron.

Alt klubbutstyr som vert nytta i samband med aktivitet i Hasundgot IL skal derfor vere levert av denne leverandøren.

Dette gjeld treningsbukser, shortsar, strømper, treningsoverdelar og anna treningstøy.

Fotballsko står ein fritt til å velje, då Macron ikkje leverer dette.

Medlemmer av Hasundgot IL får medlemsrabatt når dei kjøper Macron-utstyr som er i kolleksjonen til klubben.

Vi oppmodar derfor alle til å kjøpe utstyr gjennom vår nettbutikk hos Macronstore.

*

Trenarar og lagleiarar i Hasundgot IL får kvart år ein trenarpakke med utstyr som ei takk for solid innsats. Ta kontakt med materialforvaltar Kjetil Sundal for bestilling av ein slik trenarpakke.