Hasundgot IL

Siste nytt

Bli medlem

Hasundgot IL er eit idrettslag for alle, både store og små, jenter og gutar.

For å kunne ta del i idrettslagets aktivitetar, er det ein føresetnad at ein er registrert som medlem i Hasundgot IL.

Dette gjer også at dersom uhellet først skulle inntreffe, er ein forsikra gjennom idrettslaget.

Medlem kan ein bli ved å sende ein e-post til faktura@hasundgot.no.

I denne e-posten må du opplyse om følgjande:

  1. E-postadresse
  2. Namn (på den det gjeld)
  3. Adresse
  4. Fødselnr
  5. Tlf/mobilnr
  6. Kva lag du vil bli medlem av (aldersklasse)
  7. Dersom du ønskjer å tilhøyre et familiemedlemskap, nemner du dette i mailen.

Når førespurnaden din er registrert, vil vi sende deg faktura for medlemskapet ditt.

Overgang og hospitering

Dersom du er medlem i ein annan fotballklubb og ønskjer å melde overgang til Hasundgot IL, skal Sportsleg leiar kontaktast før ein startar treningar med det aktuelle laget.

Dette er for at det sportslege apparatet i klubben skal ha så god oversikt som mogleg av spelarflyt både inn, ut og internt i klubben.

Etter ein hyggjeleg samtale om tankar og forventningar, vert eventuelt spelaren sett i kontakt med trenaren for det laget spelaren ønskjer å trene/hospitere med.

I Hasundgot IL sine prinsipp for overgangar og hospitering finn du meir informasjon om korleis du skal gå fram.