Hasundgot IL

Siste nytt

For trenarar

I Hasundgot er vi heilt avhengige av engasjerte foreldre og føresette for å kunne tilby eit best mogeleg tilbod i barne- og ungdomsfotballen.

Idrettslaget vårt er tufta på frivillig innsats og mykje «stå på vilje», og vi er takksame overfor alle som ønskjer å gjere idrettslaget til ein samlande arena i lokalmiljøet.

I skrivande stund held fotballgruppa på å utarbeide ei Trenar- og lagleiarhandbok som kan vere nyttig å ha for foreldre og føresette.

Dette skrivet vil innehalde praktisk informasjon om rolla som trenar/lagleiar, samt relevante opplysningar om Hasundgot IL som kontaktpersonar, prosedyrar og andre retningslinjer.

Denne handboka vil bli publisert så snart den er klar.

På det sportslege planet oppmodar vi alle trenarar og lagleiarar om å ta i bruk vår Sportsplan gjeldande frå 2018-sesongen.

Klubben oppmodar også alle føresette som er involverte som trenarar og/eller lagleiarar å tileigne seg formell trenarkompetanse gjennom NFF.

Vi ønskjer eit minimum på Grasrottrenarkurset, og Sunnmøre Fotballkrets arrangerer jamleg delkurs for denne utdanninga.

Ta kontakt med sportsleg leiar i Hasundgot IL for meir informasjon om når neste trenarkurs vert arrangert i kretsen.