Om Hasundgot IL

Hasundgot IL har i over 40 år vore ein samlande arena for fotballglade personar på Dimnøya i Ulstein kommune. Idrettslaget vart i si tid stifta 17. november 1976.

I dag har idrettslaget om lag 500 medlemmer, der omtrentleg halvparten er aktive fotballspelarar i ulike aldersklasser.

Idrettslaget er tufta på engasjerte og frivillige foreldre, eldsjeler og andre pådrivarar som står på kvar dag for å gjere tilbodet i idrettslaget så godt som mogeleg.

Organisering

Etter dagens ordning er Hasundgot IL sitt hovudstyre sett saman av i følgjande utval:

Hovudstyret og dei andre utvala blir valde av årsmøtet, som vanlegvis blir arrangert første kvartal av kvart år.

Medan hovudstyret møtest jamleg for å ta opp prinsippielle og overordna saker som vedkjem heile idrettslaget, har dei andre utvala delegert mynde til å drive innanfor sine ansvarsområde.

Anlegg

Hasundgot spelte lenge heimekampane sine på gras, men i 2010 bygde idrettslaget eit heilt nytt fotballanlegg på same område som den eksisterande grasbanen låg. 

På det nye fotballanlegget lagt kunstgras, som framleis ligg der banen alltid har lege.

I tillegg har HIL eige klubbhus, nye garderobefasilitetar (bygd 2015), nye innbytarbenkar (bygd i 2016) og eit lite grusfelt mellom kunstgrasbanen og garderobene.

Drakter og utstyr

Hasundgot sin fargeprofil er kvit (primær) og raud (sekundær). Dette ser vi igjen på heimedrakta til alle klubbens lag der overdelen er kvit, shortsen er raud og strømpene er kvite.

Seniorlaget har også hatt bortedrakter der fargekombinasjonen er motsett, men frå og med sesongen 2018 vil bortedraktene vere i ein heilt ny farge. Presentasjon av draktene vil skje ved eit seinare høve.

Utstyr

I perioden 2018-2022 har Hasundgot IL ein avtale med den italienske utstyrsleverandøren Macron.

Alt klubbutstyr som vert nytta i samband med aktivitet i Hasundgot IL skal derfor vere levert av denne leverandøren. Dette gjeld treningsbukser, shortsar, strømper, treningsoverdelar og anna treningstøy. 

Fotballsko står ein fritt til å velje, då Macron ikkje leverer dette.

Medlemmer av Hasundgot IL får medlemsrabatt når dei kjøper Macron-utstyr gjennom idrettslaget. Vi oppmodar derfor alle til å kjøpe utstyr gjennom oss.

Ta kontakt med materialforvaltar Kjetil Sundal for bestilling. Eigen nettbutikk vil bli tilgjengeleg så snart som råd.

Visjonar og verdiar

Vårt hovudmål er å gjere bygda vår til ein enda betre plass å bu. Sjølv om dette kan verke veldig ambisiøst, trur vi at vi gjennom fotballen kan vere ein svært viktig samfunnspartnar ved å fremje viktige sosiale verdiar som kan hjelpe til med å utvikle betre buvilkåra i samfunnet vårt.

Våre visjonar, verdiar og filosofi er forankra i vår sportsplan.

Forsikring og kontingent

Alle må betale medlemskontigent til Hasundgot IL for å kunne spele fotball i regi av klubben. Satsane for medlemskontingent er:

  • Barn: Kr. 300,-
  • Vaksen: Kr. 300,-
  • Familie: Kr. 600,-

I tillegg må alle aktive utøvarar betale treningsavgift. Pris:

  • 7 -10 år: kr. 600
  • 11-16 år: kr. 800
  • Maks kr. 1500 pr. familie
  • Over 16 år: kr. 1500

Det er viktig at både medlems- og treningsavgift blir betalt innan tidsfristen, då den også inkluderer forsikring dersom uhell skulle oppstå under kamp eller trening.

I tillegg vil klubben få økonomisk tilskot frå fotballforbundet etter talet på registrerte, betalande medlemmar.

Forsikring ved fotballskadar

Ved skade og uhell på utøvarar i Hasundgot Idrettslag må dette meldast til forsikringsselskap. Norges Fotballforbund har ein samarbeidsavtale med Gjensidige.

Her kan du melde om skade som er relatert til fotballaktivitet.

NB: Er utøvaren over 18 år er det utøvaren sjølv sitt ansvar at skadar blir meld inn til forsikringsselskapet så raskt som mogleg etter uhellet har skjedd. Er utøvaren under 18 år, skal foreldre eller føresette for utøvaren melde om skada.

Ta gjerne kontakt med Hasundgot IL ved behov, eller les meir om temaet på Fotballforbundet sine eigne sider om temaet.

Historikk

Sidan oppstarten i 1976 har det skjedd mykje i idrettslaget, med både oppturar og nedturar. Det aller første hovudstyret var sett saman av følgjande organisering:

  • Styret (Nils Dimmen)
  • Banenemd (Elbert Ertesvåg)
  • Arrangørnemd (Åse Ringstad)
  • Fotballgruppe (Arne Sundgot)
  • Handballgruppe (Janlaug Dimmen).

Namna i parantes var leiarane i dei ulike gruppene. Leiv Sundgot har blitt nemd som ein av iniativtakarane til stiftingssmøtet, og det var også han som leia dette møtet.

Følg denne lenka for å lese meir om Hasundgots historie!

Oppsummering av tidlegare sesongar:

2011:

Vi hadde en flott sesong på alle nivå og på ny bane og håper på like stort publikumsoppmøte og engasjement i sesongene videre.

2012:

Vi opplever at det også i år var vanskelig å få folk til å stille på dugnad, vi oppmodar våre medlemmar på det sterkaste å ta del i dei dugnadane som det vert oppfordra til. Frikjøp frå dugnadane vil førebels bli teke bort, men vil sannsynlegvis bli mogeleg igjen ved eit seinere høve.

2013:

Året starta med ei storstilt oppussing av hovedetasjen av klubbhuset. Takk til alle som deltok på dette!

2014:

Årets store prosjekt var oppussing av kjellaretasjen slik at barnehagen kunne nytte lokalet fullt ut. I tillegg var det ein oppstart av nytt garderobebygg.

I anleggsnemda var det i 2014 stor aktivitet med vedlikehald av den nye kunstgrasbanen og av klubbhuset. Husnemda har hatt ansvar for utleige av klubbhus til selskap og arrangement (i tillegg til fast utleige til Sundgotmarka barnehage).

2015:

Hasundgot Fotball hadde i 2015-sesongen påmeldt 22 lag i alle aldrar, og det var 350 aktive utøvarar – pluss lagleiarar og trenarar.