Hasundgot IL

Siste nytt

Damelaget

Damelaga i Hasundgot IL har vore ei stor og viktig gruppe for idrettslaget. Dei siste åra har det vore litt «av og på» med å stille lag på seniornivå, men det har vore gode sesongar dei åra damene har mønstra lag.

Mellom anna vart det ein solid siger i 7.ar-serien avdeling 2 i 2015, og ein fin 2.plass bak serievinnar Volda i 2016.

Under «Oddencupen» i 2017 vart det også ein flott sølvpokal til Hasundgot-damene i Ulsteinhallen. Året før vart det også pokal til Hasundgot-damene, etter at dei slo Hareid i finalen.

Sjølv om det ikkje har vore eit aktivt damelag sidan 2016-sesongen, har klubben eit sterkt ønskje om å mønstre lag igjen så snart som råd.

Klubben tek derfor gjerne imot initiativ til å starte opp eit nytt damelag innan 2019-sesongen. Ta då gjerne kontakt med Sportsleg leiar 🙂