Hasundgot IL

Siste nytt

Herrelaget

Etter ein tung sesong rykka a-laget ned frå 5.- til 6.-divisjon i 2014. Etter nedrykket tok Lars Breivik over laget, og leia herrelaget fram til 2017.

I Breiviks siste år som hovudtrenar for herrelaget avslutta laget sesongen på ein relativt godkjent 4.-plass, bak Bergsøy II, Åmdal og serievinnar Sæbø.

Framfor 2018-sesongen signerte Per Gustavsen og Øystein Muren begge ein toårsavtale som trenarar for herrelaget, og duoen tok dermed over etter ein flott innsats av Breivik.

Gustavsen og Muren har mykje erfaring frå trenarrolla tidlegare, både i aldersbestemte lag i Hasundgot og Hødd. Gustavsen har også ei periode som Hasundgot-trenar frå nokre år tilbake.

Dagens seniorstall er stort sett sett saman av lokale Dimningar, samt litt påfyll frå Ulsteinvik, Hareid og Haddal. Stallen er kombinert av nokre rutinerte karar, samt ein del juniorar som trenar fast/jamleg med a-laget.

LES NYHEITER FRÅ HERRELAGET HER!