Hasundgot IL

Siste nytt

Gjer comeback i Hasundgot-trøya

Daniel Hatløy klar for eit nytt opphald i kvit og raudt.

Etter å ha vore sist innom Haddal IL, er det no klart at Daniel Hatløy er klar for Hasundgot.

33-åringen (nummer to frå venstre i bakre rekke på biletet) er dermed klar for si andre periode i klubben.

Angriparen meldte sist overgang til Hasundgot i 2010, etter at han den gongen kom frå Bergsøy IL.

I løpet av si første periode fekk Daniel 12 kampar, og scora totalt 20 mål.

Forhåpentlegvis kan det scoringssnittet halde fram også i år 😉

Vi ønskjer Daniel velkomen tilbake!