Hasundgot IL

Siste nytt

Hasundgot – Herd2 5-2

Endelig satt årets første 3 poengar!

5.-divisjon, runde 6
Kampfakta
Hasundgot – Herd2 5-2 (4-0)
Hasundgot kunstgras
Ca. 25 tilskodarar
Mål Hasundgot: Georg Aursnes x2, Ole Magnus Melchior, Trond Haugland, Robin Vågeskar
Dommar: Dag Harald Moldskred, Hareid IL

Hasundgot (4-3-3): Joakim Rødven – Robin Vågeskar, Audun Wingsternes, Kurt Søvik, Lars Tore Garshol – Ruben Muren, Ole Magnus Melchior, Markus Skeide – Tore Romestrand, Georg Aursnes, Trond Haugland
Inn: Joakim Skarbø, Svein Eirik Ertesvåg, Marius Vartdal, Vegard Sundgot, Mats Bigset, Simon Sundal

Kampen: Før den 6. serierunda låg Hasundgot heilt sist i årets femtedivisjon med berre eitt einaste poeng.

Eit stortap mot Stordal i førre runde sørgja for det tredje strake tapet for klubben, men mot Herd 2 skulle derimot den svake forma snu.

Hasundgot hadde god kontroll i opningsminutta og vertane sleit med å kome seg inn i kampen. Om lag eit kvarter ut i førsteomgangen fekk Georg Aursnes gleda av å opne målkalaset etter at keeperen gav retur på det første forsøket hans.

Midtvegs i omgangen dobla Ole Magnus Melchior leiinga til vertane etter å ha sendt i veg eit kremmarhus i lengste hjørnet.

Aursnes har ikkje vore heldig framfor målet dei siste kampane, men når Tore Romestrand la inn eit flott innlegg frå høgresida, fekk han ein enkelt jobb med å setje inn sitt andre mål for dagen.

Like før pause la Trond Haugland på til 4-0 med ein elegant skruball i lengste hjørnet. Etter pausen ynskte Herd 2 å stresse heimelaget, og fekk utteljing etter eit lågt innlegg frå høgresida.

Heimelaget hadde jamvel full kontroll på kampen og høgreback Robin Vågeskar kunne notere seg ein skåring for heimelaget. Vågeskar prøvde lukka frå langt hald, og når keeperen feilvurderte ballbana gjekk ballen rett i mål.

Gjestane reduserte nok ein gong i sluttminutta, men det enda med sesongen første siger for Hasundgot.

Trenar Vidar Ertesvåg var letta etter endeleg å ha fått ein siger, men merkar seg at laget framleis er litt unna det nivået han veit laget har i seg:

– Det var herleg å kunne stå att med alle tre poenga for ein gongs skuld. Vi har ein solid førsteomgang, men så har vi ein litt svak andreomgang. Kampen viste oss mykje av det spelet vi ynskjer å spele, men vi treng framleis litt tid på å få alt på plass.

Markus Skeide ***
Georg Aursnes **
Kurt Søvik *