Hasundgot IL

Siste nytt

Slik blir OBOS-cupen

Gruppene til «Sunnmørsmeisterskapen» har blitt trekt.

Det er seniorlaget og G16 som har meldt seg på turneringa, som vil bli spelt frå februar og fram til seriestart.

Kampoppsettet er i ferd med å bli spikra, og første kamp er venta å bli spelt i slutten av februar.

Utover året vil det seinare bli utslagskampar, med ei finale på nøytral bane til hausten.

Hasundgot sine lag har blitt trekt i følgjande gruppe:

Hasundgot Senior: Volda (4.div), Åmdal (6.div), Giske (6.div)

Hasundgot G16: Hødd, Emblem, Stranda, Ørsta 2

Redaksjonen ønsker seniorlaget og G16 lykke til i turneringa!