Hasundgot IL

Siste nytt

Treningskamp mot Heltne sitt Ørsta

Årets første treningskamp er i boks.

Etter at Hasundgot tok ein tredjeplass i årets Oddencup, er fokuset no retta mot sesongoppkøyringa til utesesongen.

Seinare i februar startar den nyoppstarta OBOS-cupen opp for laga i Sunnmøre fotballkrets, men før den tid skal Hasundgot spele årets første treningskamp borte mot Ørsta fredag 15. februar.

Som mange kanskje kjenner til frå før, vert det eit interessant oppgjer – ettersom Vegard Heltne er hovudtrenar for laget. Vegard spelte ei sentral rolle i opprykket til 5.-divisjon i fjor.

På grunn av andre treningskampar for Ørsta sitt a-lag, er det venta at laget Hasundgot møter er ein miks av Ørsta sitt første- og andrelag.

Kampen vil bli spelt i Ørsta, med avspark klokka 18.00.