Hasundgot IL

Siste nytt

Søre Cup: Bronse til Hasundgot

Tre Hasundgot-lag deltok på Søre Cup i helga.

Som ein lang tradisjon vart det også i år arrangert Søre Cup (også kjent som Oddencup) denne helga.

Hasundgot hadde meldt på tre lag; to herrelag og eit damelag.

Begge herrelaga tok seg vidare som høvesvis 1.- og 2.-plass i kvar si gruppe, og møttest til og med i kvartfinalen laurdag ettermiddag.

Der enda det med siger til Hasundgot 1, som i semifinalen fekk bryne seg mot Moltu – med blant andre Hødd-spelar Steffen Moltu på laget.

Mot Moltu vart det dessverre tap, men på grunn av at Hasundgot tapte mindre i si semifinale (3-1) enn Vanylven gjorde i si semifinale mot SUFH (4-1) fekk Hasundgot tildelt bronsepokal i turneringa.

Moltu slo også SUFH i finalen i herreklassen.

Hasundgot sitt damelag var sett saman av spelarar frå både J16 og seniorar.

I gruppa til Hasundgot var også Hødd 1, Hareid 2, SUFH1 og Larsnes, som alle var gode motstandarar.

Mot Larsnes og SUFH vart det knipne eittmålstap, medan Hødd og Hareid blei nokre hakk kvassare.

Det vart ein sisteplass i gruppa, men det var god læring å ta med seg inn i sesongoppkøyringa!