Hasundgot IL

Siste nytt

G14: Futsal på Godøy

I helga var det klart for 2. runde av Futsalserien for det som i fjor var G13-laget til Hasundgot.

Ifølgje rapportane frå Goydøyhallen var Hasundgot ikkje heilt vakne i første kamp, og tapte 5-1 mot Spjelkavik.

Men gutane bretta opp erma og sikra seg ein 2-1-siger mot Guard i andre kamp.

Etter ein fantastisk laginnsats påførte også Hasundgot Rollon sitt første tap i futsalserien denne vinteren med 2-0 i siste kamp.

Ein kan også ta med seg at Rollon vart kretsmeistrar i 9-arserien i 2018 (fotball), så det var derfor ein svært god prestasjon av Hasundgot å setje dei på plass i siste futsalkampen i runde to 💪⚽️