Hasundgot IL

Siste nytt

Bli med på rekrutteringsdommarkurs!

I februar arrangerer fotballkretsen rekrutteringsdommarkurs.

Endeleg stad er enno ikkje heilt spikra, men det vil verte i Ålesundområdet.

Kriteria som fotballkretsen set for å kunne delta, er:

  1. Ungdommar som har slutta med fotball
  2. Mellom 18-25 år
  3. Har tilgang til bil

Kretsen ønskjer to dommargrupper på herresida og to grupper på damesida, der begge gruppene består av 3-5 medlemmer.

Gjennom sesongen blir det lagt opp til 9 triokampar på kvar av gruppene, der Sunnmøre fotballkrets betalar for assistentoppdraga.

Kurset blir:

12. februar kl. 18.00 – 21.00
14. februar kl. 18.00 – 21.00
19. februar kl. 18.00 – 21.00

Påmeldingslink: https://fotball.formstack.com/forms/rekrutteringsdommerkurs_vennegjeng

Påmeldingsfrist 5. februar