Hasundgot IL

Siste nytt

Ny spelar klar for Hasundgot

Nedim Mujic har signert.

Forsvarsspelaren er siste mann i rekkja over G19-spelarar som har teke turen frå Hødd til Hasundgot.

Nedim er ein stabil og trygg forsvarsspelar, som opp gjennom åra har spelt for Hødds aldersbestemte lag.

I løpet av tida i Hødd fekk han totalt 58 obligatoriske kampar for klubbens G14, G16, G19 og Hødd 3 i 6.-divisjon.

No er han klar for nye utfordringar i Hasundgot.

Nedim er framleis i junioralder, så også han kan nyttast både på junior- og seniorlag den komande sesongen.

Velkomen til Hasundgot, Nedim!