Hasundgot IL

Siste nytt

Alle jenter på bana!

Sunnmøre Fotballkrets inviterer alle jenter i alderen 14-17 år på til gratis seminaret «Alle jenter på bana».

Dette vert arrangert laurdag 19. januar frå klokka 11:00 – 15:00 og blir heldt på Color Line stadion i Ålesund.

Til dette arrangementet vert det mellom anna fortald historiar frå fotballen, arrangert konkurransar og heldt føredrag frå topp til breidde.

Program:

11:00 – 11:15 Kjell Arne Bergli ønskjer velkomen

11:15 – 11:45 Erika Skarbø (Tidlegare landslagsspelar)

11:45 – 12:15 Rebekka Johnsen (Trenar og leiar i Ørsta IL)

12:15 – 12:30 «Eat Move Sleep»

12:30 – 13:30 Lunsj med mogelegheit til å besøke stands

  • Dommerstand
  • Lederstand
  • Trenerstand

13:30 – 14:00 Ingrid Beate Smådal (Trenar i Bergsøy IL)

14:00 – 14:30 Mariell Naustdal (Livet som fotballdommar)

14:30 – 15:00 Leiarkurs – kva er det?

Seminaret er gratis, men sidan det er avgrensa plassar praktiserer Fotballkretsen «førstemann til mølla».

Påmelding sendast til kjellarne.bergli@fotball.no!