Hasundgot IL

Siste nytt

A-lagsstatistikk 2018

Jubelscene frå sigeren mot Vanylven FK. FOTO: Iver Vattøy/Vikebladet

Årets sesong er vel unnagjort, og for a-laget sin del har oppkøyringa til 2019-sesongen i 5.-divisjon allereie kome igang.

Før vi forlét 2018 heilt, har vår statistikkgeneral samanfatta tal som kan vere interessante å lese.

Flest kampar

Totalt denne sesongen har det blitt spelt 19 kampar (12 seriekampar, 2 sluttspelskampar og 5 treningskampar).

I løpet av desse kampane har 35 spelarar spelt minst éin eller fleire kampar i 2018.

Av desse er det berre tre spelarar som har fått med seg alle kampane, men mange var deltaktige i dei fleste.

Følgjande har 17 eller fleire kampar:

  1. Joakim Rødven, Nikolai Molvær, Simon Spjutøy (19)
  2. Marius Muren (18)
  3. Kim Hansen, Mats Bigset, Ruben Muren, Sebastian Moldskred Kleven, Thomas Gjerde (17)

Flest mål

I alt har Hasundgot scora 59 mål i løpet av kalenderåret. Desse måla er fordelt på 16 spelarar, av både forsvararar, midtbanespelarar og angriparar (ingen keeperar i år).

Toppscorar vart klart allereie på spelaravslutninga tidlegare, der Sebastian Moldskred tok sigeren med sine 16 mål i år.

Hakk i hel kjem lagkaptein Ruben Muren med 12, medan Cato Veien tek siste pallplass med sine 7 mål denne sesongen.