Hasundgot IL

Siste nytt

Sebastian blei årets spelar

Laurdag hadde herrelaget sesongavslutning etter opprykket.

På denne avslutninga vart det spleisa på ein god middag, det vart arrangert quiz og biljardturnering og det vart delt ut prisar for årets sesong.

Frå før av var det allereie klart at Sebastian Moldskred Kleven vart lagets toppscorar med sine 13 seriemål – berre eitt bak avdelingstoppscoraren Torgeir Halsen frå Vanylven FK.

I røystinga av årets spelar vart det også Kleven som stakk av med tittelen, med éi røyst meir enn sisteskansen Joakim Rødven på andreplass.

Etter at laget har hatt ei lita pause etter tapet mot Vigra i siste sluttspelskamp om KM-tittelen, startar laget opp att med treningar førstkomande veke. Då vert det fellestreningar med juniorlaget framover.