Hasundgot IL

Siste nytt

Felles avslutning for 11-årslaga

Onsdag 14. november møttes J11 og G11 til fotballkamp på stadion.

Dette var ein kamp som både gutane og jentene har sett fram til!

Kampen vart spelt sju mot sju, var veldig jamn og bikka begge veger.

Laga følgde kvarandre heilt til slutt, men gutane trekte det lengste strået til slutt og drog sigeren i hamn med sluttresultatet 7-6.

Kvelden vart avslutta på klubbhuset med pizza, kaker og utdeling av diplom for årets sesong.

Ei trivelig stund for spelarar, trenarar og lagleiarar!