Hasundgot IL

Siste nytt

J7/8: Avslutta sesongen på Tare Jentefestival

Fotballsesongen vart avslutta med turnering i Ålesund.

Laurdag 3. november stilte J7/J8 med eitt lag i J8-gruppa på Tare jentefestival i Sunnmørshallen.

Laget spelte totalt 3 kampar mot laga Emblem, Hovdebygda/Mork og Ravn.

Turneringa vart avslutta med ein velfortjent siger for dei 12 jentene som var med denne gongen.

Med godt humør, flott samhald og speleglede på topp vart dette ei fin avslutning på kampsesongen for jentene!