Hasundgot IL

Siste nytt

G13: full pott i haustsesongen

Det vart ein poengrik haust for G13-laget.

Etter å ha vunne seks av seks kampar i haust var det ei god moglegheit til å få 100 prosent utteljing då dei avslutta sesongen mot Dalsfjorden på torsdag.

Vertane på Hasundgot stadion gav seg ikkje før det stod 8-2 på måltavla, og tok med det sin sjuande siger av sju mogelege denne hausten.

Det vart dermed tabelltopp med solid margin i 2.divisjon (7ar)!

Ei sterk avslutning på fotballåret 2018 for Gutar 13 år, som kan ta seg ei velfortent feiring med pizza og brus!

Bra jobba, kara! 🙂