Hasundgot IL

Siste nytt

Ei trist avslutning på årets sesong

Årets siste fotballkamp fekk ei lei ending, men ikkje av sportslege årsaker.

Av og til vert fotball veldig uviktig, og kveldens kamp mellom Hasundgot og Vigra vart det ein slik dag.

Vigra tok leiinga etter om lag ein halvtimes spel i eit skikkeleg pjuskevêr på Hasundgot stadion, etter at eit langskot smatt seg inn under tverrleggjaren.

Ikkje lenge etter skulle kampen ta ei svært uventa vending.

Innbytar Isak Sundgot hadde nettopp kome inn frå benken, og etter eit uheldig fall fekk den unge spissen ei svært vond oppleving. Det tok ikkje lang tid før ein kunne konstatere at dette var snakk om eit beinbrot.

Kampen vart stansa med éin gong, og innan kort tid var ambulanse på staden for å frakte ungguten rett på sjukehus.

Spelarane elles vart sende i garderoben for å få avstand frå situasjonen, og ikkje minst for å halde seg varme. Etter om lag ein halvtimes utsetjing kunne dommar Magne Jonny Krumsvik setje i gang kampen igjen.

Laga gjekk til pause på stillinga 0-1, men gjestene auka leiinga si tidleg i den andre omgangen.

Med dette resultatet var Vigra kretsmeistrar, men Hasundgot gjorde det spanande då Cato Veien reduserte til 1-2 etter at ballen vart kriga i mål.

Og det burde ha stått 2-2 rett etterpå, men etter at forsøk nummer éin vart stoppa av Vigra sin keeper vart returen stansa av vinden sjølv…

All tvil vart feia til side då bortelaget fekk sjansen frå 11-metersmerket, og ballen vart sett kontant i mål til 3-1.

Det betyr at Vigra vart kretsmeistrar for 6.-divisjon i 2018, og vi gratulerer dei med tittelen!

Akkurat no betyr likevel KM-tittel eller ikkje ingen verdens ting. Våre tankar går til Isak og familien og håper det går bra med dei. Vi ønskjer ungguten god bedring og lykke til med rehabiliteringa i tida som kjem.

KAMPFAKTA
KM-sluttspel, 6.div
Hasundgot – Vigra 1-3 (0-1)
Hasundgot stadion
MÅL: Cato Veien 1-2
Dommar: Magne Jonny Krumsvik

Laget (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Simon Spjutøy, Thomas Gjerde, Bjørn Inge Tenfjord – Sebastian Kleven, Nicolai Molvær, Bjørnar Gundersen, Ivar Aadland – Gustav Pettersen, Cato Veien

Innbytarar: Kim Hansen, Mats Bigset, Sander Gjerde, Elias Rooney, Ole Kristian Skoge, Isak Sundgot