Hasundgot IL

Siste nytt

Tapte i sluttminutta på Ratvika

I ein jamn kamp vart det eit knipent tap mot Aksla.

Tysdag tidlegare denne veka starta KM-sluttspelskampane for laga som rykka opp frå 6.-divisjon.

Den første kampen endte 1-1 mellom Aksla og Vigra, som betydde at skulle Aksla ha ein reell sjanse til å vinne KM, måtte dei ta siger mot Hasundgot laurdag ettermiddag.

Heimelaget på Ratvika stadion fekk stort sett halde i ballen i opninga av kampen, men eit strukturert og disiplinert Hasundgot-lag gjorde det vanskeleg for heimelaget å trenge gjennom.

Ingen av laga makta å finne vegen forbi målvaktene før pause, og halvvegs stod det derfor 0-0.

Etter sidebytet begynte kampen å opne seg opp i større grad. Vertane skrudde opp tempoet enda eit hakk, og klarte å setje eit litt meir trykk mot Hasundgots mål. Dei heilt store farlegheitene lot derimot vente på seg.

For Hasundgot sin del var det eit spørsmål om å vere tolmodige og vente på ein sjanse til å «hogge» til, og sjansane kom.

Til tross for 2-3 store 100%-sjansar som dessverre ikkje resulterte i mål, og eit par andre halvsjansar, ville det seg ikkje for Hasundgot i sine grå og refleksgule bortedrakter.

Kampen tikka sakt og sikkert mot 90 minutt, og til slutt – i det 87. speleminuttet – vart eit innlegg stanga inn til 1-0 for vertane.

Aksla kunne ha lagt på til 2-0 like før slutt, men ei flott dobbelredning av Hasundgot-keeper Joakim Rødven sørgja for at det blei berre den éine scoringa.

Det betyr at Hasundgot er ute av dansen med tanke på ein KM-tittel i år, ettersom Aksla uansett utfall i Hasundgots heimekamp mot Vigra vil ha meir poeng. Den kampen vert spelt på Hasundgot stadion onsdag kl 18:30!

Kampfakta

KM-sluttspel, 6.div
Aksla – Hasundgot 1-0 (0-0)
Ratvika stadion
Tilsk: ca. 60-70
Dommar: Lars Ove Sletta

Hasundgot (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Simon Spjutøy, Vegard Heltne, Bjørn Inge Tenfjord – Gustav Pettersen, Nicolai Molvær, Thomas Gjerde, Ivar Aadland – Daniel Muren, Mats Bigset

Innbytarar: Herman Heimland, Ruben Muren, Isak Sundgot, Elias Skeide Rooney, Sander Gjerde