Hasundgot IL

Siste nytt

G13: Seks av seks sigrar i haust!

I ein målrik kamp enda det med haustens sjette strake siger mot G13.

Torsdag spelte Hasundgots G13 bortekamp mot Folkestad.

Dette var lagets aller siste bortekamp for året, og spelar sin aller siste kamp heime mot Dalsfjorden neste veke.

Mot Folkestad vart det ein jamn kamp, som heldigvis enda i ein 5-3-siger for Hasundgot.

Det betyr at laget no har vunne seks av seks kampar så langt i haust og toppar dermed 2.-divisjon (7ar) med solid margin.

Gratulerer med ein flott haust!