Hasundgot IL

Siste nytt

J11: TV-stjerne, målkalas og feiring

Måndag vart ein hendingsrik dag for Hasundgott sitt J11-lag.

Då laget hadde eit spelarmøte med jentene på søndag, vart det også repetert på korleis laget vil ha det på trening.

Der vart det laga nokre reglar som alle var enige om og alle signerte på avtalen. Desse reglane skulle jentene minnast på før kvar kamp og trening.

Og dagen etter var det klart for for bortekamp mot Hareid. Med oppmøte ved vår samarbeidspartnar Spar Straumane møtte jentene sjølvaste Ane Dahl Torp, skodespelaren som har rolla “Helena” i Heimebane.

Ein tøff far tok med seg jentene bort til Torp slik at dei fekk helse på ho og ta bilete saman med “Varg-trenaren”.

Jentene vart litt “starstrucked”, men Torp var sporty og stilte opp på heiarop saman med Hasundgot-jentene – som var ekstra motivasjon inn mot Hareid-kampen.

Målkalas

På Hareid start jentene knallhardt, til tross for å ha det meste av spel og sjansar havna vi 5-1 under til pause.

Men ingen sure miner eller hengande hovud, for jentene gjekk inn til 2. omgang med godt mot. Etter mange sjansar, stolpeskot, og tverrleggar fekk jentene endeleg målsus.

Det endå med eit knallsterk 6-6 resultat, ei solid opphenting!

Bursdagsferiring

Leah Sofie Rossi-Kaldhol hadde også bursdag denne dagen, og etter kampen hadde vi klar kake med lys og det blei bursdagssong frå laget saman med tilskuarar.

– Vi, trenara og lagleiar er kjempe stolt over denne herlige gjengen. Ei oppfriskning av reglane vår gjorde susen for kampen. Vi reiste heimatt og var varme om hjartet, skriv trenarane og lagleiar til Hasundgot-redaksjonen.

Litt av ein innhaldsrik dag!