Evalueringsmøter for 2018-sesongen

Fotballstyret kallar inn trenarar og lagleiarar til evaluering av årets sesong.

Evalueringsmøta vil bli arrangert bolkvis, slik at lag i omtrentleg same årstrinn kan samanlikne sine styrker og utfordringar som dei har møtt i løpet av årets sesong.

Til desse møta er det trenarar og lagleiarar til kvart enkelt lag som stiller.

Her er oversikta for inndelinga av evalueringsmøter:

Måndag 22. oktober:

Klokka 18:30: Gutar og jenter opp til og med 9 år.

Klokka 20:00: Gutar og jenter frå 10-12 år.

Onsdag 31. oktober

Klokka 18:30: G13, G14/15 og J16.

Klokka 20.00: G19 og senior herre