Hasundgot IL

Siste nytt

Herrelaget klare for 5.-divisjon!

Jubelscene frå sigeren mot Vanylven FK. FOTO: Iver Vattøy/Vikebladet

Etter to veker med undring er det klart at herrelaget vart avdelingsvinnarar.

Hasundgot var det første laget til å bli ferdigspelte med årets sesong, etter at det vart eit bittert 4-2-tap borte mot Vanylven 23. september.

Sidan då har herrelaget måtte avventa å sleppe jubelen laus, i påvente av at resultata i dei andre kampane gjekk deira favør.

Vanylven tapte først sin siste kamp mot Bergsøy2, som gjorde at herøyværingane kunne ta avdelingssigeren.

Men på Høddvoll vart Hødd 3 for sterke, som betydde at også dei kunne passere oss på tabellen.

I sin siste kamp skulle Hødds tredjelag møte Hareid 2, men ved to høve klarte ikkje hareidsdølane å stille mannskap til kampen. Sidan det var avviklingsfrist 15. oktober, betyr dette tre poeng og 3-0 til Hødd.

Det betyr at Hødd og Hasundgot står med like mange poeng, men Hasundgot har 17 mål betre i målforskjell – og vert dermed avdelingsvinnarar!

Kva skjer no?

Som avdelingsvinnar rykker Hasundgot automatisk opp til neste års 5.-divisjon, men det er framleis nokre kampar som står igjen før sesongen er heilt over.

Allereie i morgon, tysdag, skal den første av totalt tre sluttspelskampar spelast mellom dei tre avdelingsvinnarane i 6.-divisjon.

Sidan Hasundgots situasjon ikkje vart avklara før søndag føremiddag, får Hasundgot spele dei to siste kampane medan vinnarane av avdeling 1 og 2 startar første kamp.

Hasundgot sine kampar vert då:

  • 20. oktober: Aksla – Hasundgot kl 14:00
  • 24. oktober Hasundgot – Vigra kl 18:30