Hasundgot IL

Siste nytt

Måldryss mot Hareid 2

SCORA FIRE: Sebastian Kleven scora fire mål mot Hareid 2. Foto: Andreas Bjerknes/Vikebladet

Tosifra sigersmargin då Hareids 2.-lag kom på besøk onsdag kveld.

Det er berre ei lita veke sidan Hasundgot og Hareid 2 målte krefter sist. Den gongen var det på Hareidsmyrane og stillinga vart 6-1 til Hasundgot.

Onsdag kveld var det klart for eit nytt oppgjer mellom laga – på Hasundgot stadion.

Vikebladet.no: – Slo til med sesongens største siger (+)

Etter ein litt seig start på kampen losna det meir etter kvart for Hasundgot. Og det var to spelarar som verkeleg skulle gjere seg gjeldande i første omgang.

Sebastian Moldskred Kleven opna scoringsballet etter målgivande frå Nicolai Haddal Molvær. Nicolai ville også vere med på moroa og teikna seg på målprotokollen til dommar Magne Jonny Krumsvik tre gonger før pause. Alle scoringane var også assistert av kampens første målscorar Sebastian.

Etter sidebyttet var rollene snudd om og Nicolai assisterte Sebastian ytterlegare to gonger, og begge hadde derfor tre mål og tre målgivande – til kvarandre!

Med 6-0 på den metaforiske måltavla, som faktisk i skrivande stund snart vil bli fysisk montert på Hasundgot stadion, gjekk mesteparten av lufta ut av gjestene frå Hareid.

Utover i den andre omgangen teikna både Daniel Muren, Jørgen Kleiven (med eit kremmarhus!), Mats Bigset og Cato Veien to gonger.

Det vart derfor ein solid siger, som også er avdelingas største siger denne sesongen (delt med Vanylven som også vann 12-0 over Hareid tidlegare i år).

No ventar det ei tøff veke for Hasundgot, som først tek imot Gjerdsvika/Larsnes/Gursken2 i årets siste heimekamp – før sesongen vert runda av borte mot Vanylven i ei potensiell seriefinale nokre dagar seinare.

KAMPFAKTA

6.-divisjon, avd. 3
Hasundgot – Hareid II 12-0 (4-0)
Hasundgot stadion
Ca. 30 tilsk
Dommar: Magne Jonny Krumsvik, IL Hødd
MÅL: Sebastian (4), Nicolai (3), Daniel Muren, Jørgen Kleiven, Mats Bigset, Cato Veien (2)

HIL (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Simon Spjutøy, Thomas Gjerde, Bjørn Inge Tenfjord – Sebastian M. Kleven, Nicolai H. Molvær, Bjørnar Gundersen, Daniel Muren – Cato Veien, Jørgen Kleiven

Benken: Kim Hansen, Ole Kristian Skoge, Mats Bigset, Iver Saunes, Elias S. Rooney, Ruben Muren