Hasundgot IL

Siste nytt

J14: Klar for 1. div til hausten

Jenter14

Etter at Åheim trekte seg frå opprykk til 1.div haust, så tar Hasundgot plassen og tar utfordringa det blir å spele mot dei beste laga i kretsen.

J 14 laget har trena godt i heile år og har hatt ein fin sesong så langt, vi enda på tredje plass i vår avdeling etter 5 vunne og 2 tapte kamper. Dei kampane vi vant, vant vi med god margin, deriblant Åheim som til slutt enda på opprykkplassen. Det var i kampen mot Vankam vi tapte andre plassen, det var under Ulsteindagane og vi mangla ein del av nøkkelspelarane våre p.g.a andre arrangement, og tapte knepent mot dei på Eidså.

Jentene har ein veldig stå på vilje som gjer at vi ofte overkøyrer motstanderen, men det skorter framleis litt på teknikken så vi må ha mykje sjangser for å lage mål.

Vi stilte lag også i Norway cup og der vant vi 1,uavgjort 1 og tapte 1 i puljespelet og gikk til A-sluttspel,der vi rauk ut i 16/del finalen. Vi dominerte også her utan å få utteling i form av mål.

Det blir ei verkeleg utfordring for oss å spele i 1.div og møte berre dei beste laga, då får vi verkeleg testa ut ferdigheitane våre.

Vi har eit tett samarbeid med J13 laget som også har rykket opp og skal spele 1.div i haust, så dette er ei veldig talentfull gruppe som vi nok skal få mykje glede av i Hasundgot framover.

J14 laget består av: Karoline Breivik, Anna Austnes Nes, Mari Sundgot, Camilla Nesset, Ingvild Kleven Brekke, Jenny Stokkevåg Berg, Silje Hoddevik, May Jeanett Sjåstad, Ingrid Marø Gjerde, Hanne Kristin Sundgot, Ingunn Ertesvåg og Tonje Sunde(som skada seg før sesongen å er ikkje blitt bra igjen endå)

Angelica Vattøy og Kathrine Furnes frå J13 laget har også spelt kamper for oss.

Lars Breivik 13.08.09