Hasundgot IL

Siste nytt

Hasundgot-duo skal dømme nasjonal gutekamp

Når Aalesund og Stabæk G16 skal møtast søndag ettermiddag, er det to Hasundgot-dommarar på sidelinja.

Søndag ettermiddag skal 16-årslaga til Aalesund FK og Stabæk møtast i det nasjonale B-sluttspelet.

På sidelinja skal to Hasundgot-dommarar bistå hovuddommar Matz Giske frå Herd, ettersom Dagfinn Berg Tjervåg og Elling Haddal Våge er med i dommarteamet.

Kampen blir spelt søndag 2. september på Color Line stadion.

Hasundgot Fotball ønskjer Dagfinn og Elling lukke til med dømminga!