Hasundgot IL

Siste nytt

Årets første tap mot Hødd 3

Frå Hasundgots kamp mot Hødd 3. FOTO: Svein Eirik Ertesvåg.

I ein jamn og tett kamp kom Hasundgot til kort i lokalderbyet.

Dei tre kampane Hasundgot og Hødd 3 har møttest dei siste to sesongane har det enda med poengdeling alle gongene.

Den statistikken skulle kome til ein slutt onsdag kveld, men dessverre ikkje i favør Hasundgot.

Midtvegs i den første omgangen fekk tidlegare Hasundgot-gut Håkon Fjørtoft stå åleine framfor målet og sette eit innlegg sikkert i mål. Ei scoring som var svært bitter å svelje for heimelaget, då det (med Hasundgot-auge) skulle ha blitt blåst for eit soleklart frispark i forkant av scoringa.

Målet vart uansett tellande, og vart også første omgangs einaste mål.

Jørgen Kleiven var svært nære å utlikne til 1-1 med ei knallhald avslutning frå skrått hald, men via ein solid Hødd-keeper smalt ballen i stolpen og ut til hjørnespark.

Over i andre omgang forsøkte Hasundgot å ligge litt lågare for å skape meir rom bak ein Hødd-lag som då fekk ligge høgare i banen, og berre ineffektivitet framfor målet gjorde at det ikkje vart fleire mål i denne kampen.

Til tross for ei handfull 100-prosentsjansar stod anten Hødds keeper i vegen, eller så gjekk avslutningane over eller til sida for målet.

Mot slutten vart det naturlegvis klassisk «Hawaii-fotball», men ingen av laga makta å finne scoring nummer to.

Hødds 3.-lag fekk derfor med seg tre poeng tilbake til Høddvoll, medan Hasundgot gjekk på årets første tap.

Det tettar seg derfor til i toppen, og det skil berre eitt poeng mellom 1-3.plass. I tillegg har Vanylven moglegheita til å ta tabelltopp om dei vinn begge sine hengekampar.

Kampfakta

6.-divisjon, avd. 3
Hasundgot – Hødd III 0-1 (0-1)
Hasundgot stadion
Ca. 45 tilsk
Dommar: Birger Breivik, Volda TI

HIL (4-4-2): Joakim Rødven – Gustav Pettersen, Simon Spjutøy, Vegard Heltne, Marius Muren – Jørgen Kleiven, Nicolai Molvær, Thomas Gjerde, Sebastian Kleven – Ronny Jørgensen, Ruben Muren

Innbytarar: Kim Hansen, Cato Veien, Lars-Henrik Hasund, Ole Kristian Skoge