Hasundgot IL

Siste nytt

Oppstart av «Jenteløftet»

Deltakarklubbane møttest tysdag kveld for å starte Jenteløft-prosjektet.

Som ein av fem klubbar som er tekne opp i prosjektet «Jenteløftet», fekk Hasundgot IL gleda av å vere vertar for oppstartsmøtet i går, tysdag.

Frå Sunnmøre Fotballkrets fekk vi besøk av dagleg leiar Bjørn Oskar Haukeberg, og aktivitetsutviklar Kjell Arne Bergli.

I tillegg var dei fem deltakarklubbane Hasundgot, Herd, Valder, Volda og Ørsta godt representerte.

På møtet vart det gått gjennom kva dette prosjektet inneber, samt at det vart gått gjennom målsetningar, tiltak og “sjekklister” som deltakarklubbane skal setje opp i dette arbeidet.

Vidare framdrift i prosjektet er no å lage ein handlingsplan for dei neste 3-5 åra, der kvar klubb definerer sine mål og skildrar korleis dei ønskjer å nå dette målet.

Som ei gulrot til deltakarklubbane, vil kvar klubb då tildelt midlar på 10.000,- knytt til dette arbeidet.