Hasundgot IL

Siste nytt

Oppstartsmøte for seksårslag

Hasundgot IL inviterer foreldre og føresette til oppstartsmøte om seksårslag.

Torsdag 30. august vil Hasundgot IL arrangere eit oppstartsmøte med fokus på oppretting av seksårslag. Møtet vil finne stad på Hasundgot klubbhus og startar kl 20.00.

Hasundgot IL ønsker at flest mogleg barn og unge skal få eit godt aktivitetstilbod i sitt nærmiljø.

Idrettslaget ønskjer derfor å invitere foreldre og føresette til eit oppstartsmøte for nye lag for seksåringar. Dette gjeld både gutar og jenter.

Med dette møtet ønsker vi å kartlegge deltakarar, instruktørar og forventningar. Vi vil også fortelje litt om vår organisasjon og hjelpe med oppstart av lag, trening, osv.

Vi er heilt avhengige av engasjerte og inspirerte vaksne for å gi borna eit godt idrettstilbod, så alle er hjarteleg velkomne!

For spørsmål, ta kontakt med:
Joakim Rødven, Sportsleg leiar
48229993 | roedven@gmail.com