Hasundgot IL

Siste nytt

Vil du bli med på Hasundgot damelag?

Hasundgot IL søkjer etter spelarar for å gjenopprette damelaget.

Dei siste to sesongane har Hasundgot ikkje makta å stille lag i dameklassen. Dette ønskjer klubben å gjere noko med.

Det sportslege apparatet i klubben har allereie vore i kontakt med fleire ivrige personar som ønskjer å bidra, men manglar eit tilbod.

Hasundgot har tidlegare hatt gode damelag, og mellom anna vart det ein solid siger i 7.ar-serien avdeling 2 i 2015, og ein fin 2.plass bak serievinnar Volda i 2016.

Alle er velkomne til å bli med i Hasundgot, uansett om du tidlegare har spelt på elitenivå, hobbynivå eller berre er veldig flink til å kommentere taktiske feilval på TV-kampar.

Har du lyst å vere med, eller lyst å vite meir?

Send inn kontaktinformasjon i skjemaet nedanfor, så tek vår sportslege leiar kontakt for ein heilt uforpliktande prat med meir informasjon! 🙂