Hasundgot IL

Siste nytt

Hasundgot tatt opp i «Jenteløft»-prosjektet

JENTEJUBEL: Hasundgots jenter 9 år jublar etter ein kamp mot Spjelkavik.

Tiltak blir gjort for å gjere fotballtilbodet på jentesida endå betre.

Før sommarferien sendte fotballstyret i Hasundgot IL inn ein søknad om å ta del i prosjektet «Jenteløftet».

Dette prosjektet skal bidra til å ha ein heilheitleg og lansiktig satsing på jentefotballen i idrettslaget over tre år.

Som ei gulrot vil klubbane i prosjektet (fem totalt for den første perioden) få 10.000,- av Fotballforbundet.

No er det klart at Hasundgot, Valder, Ørsta, Herd og Volda er tatt ut til å delta i prosjektet som dei første fem klubbane.

Hovudmålet med prosjektet er å behalde flest mogeleg, lengst mogeleg til å spele fotball.

For Hasundgot sin del er det ein sterk ambisjon om å utvikle og løfte kvaliteten på tilbudet for jentene i alle årsklasser – også for seniorklassen.