Hasundgot IL

Siste nytt

God gjennomkøyring mot Hareid

Hasundgot tok leiinga, men klarte ikkje å halde unna ein heil kamp.

Det starta bra for Hasundgot, som tok leiinga ved Sebastian Moldskred Kleven i den første omgangen.

Midtbanespelaren klemde til frå skrått hald, og ballen gjekk som eit prosjektil inn i det nærmaste hjørnet.

Sjølv om det berre har vore to treningsøkter etter sommarferien heldt Hasundgot godt følgje med 4.divisjonslaget i den første omgangen.

I ein jamn og tett omgang heldt dei kvitkledde unna, og gjekk til pause med ei god kjensle og 1-0 i sekken.

Over i andre omgang vart det litt fleire slitne bein og hovud, og utlikninga til Hareid kom etter eit langskot som fauk inn i keeper Joakim Rødvens høgre hjørne.

Snuoperasjonen til heimelaget var komplett då ballen spratt Hareids veg nokså kjapt etterpå, og åleine med keeper gjorde Hareids angripar ingen feil.

Sluttresultatet vart fastsett til 3-1 etter ei god kontring av vertane på Hareid stadion, der ein innlegg vart slått 45 grader inn i feltet (sjølv om ein kunne høyre frå matematikarane på Hareid-benken at dette neppe var meir enn 23 grader). Frå om lag 5-6 meters hald fekk Hareids avsluttar kontrollert setje inn kampens fjerde og siste scoring for kvelden.

– Totalt sett skal vi vere nøgde med det vi ser i denne kampen, så det er ingen grunn til å deppe over dette resultatet, var konklusjonen til trenarane Per og Øystein etter kampslutt.

Med underkant av to veker igjen til sesongen sparkast i gang igjen er det no fullt fokus på å kome inn i rytmen igjen etter ferien, og så ventar Tjørvåg på bortebane i første haustkamp onsdag 22. august. Vi gler oss!