Hasundgot IL

Siste nytt

Treningskamp mot Hareid

Hasundgot og Hareid møtest til dyst i kveld i samband med oppkøyring til haustsesongen.

I kveld, torsdag 9. august, skal Hasundgots a-lag møte Hareid for å finne tilbake kampforma inn mot haustsesongen.

Kampen skal bli spelt på grasbanen til Hareid, og har avspark klokka 18:30.

Medan Hareid skal sparke igang haustsesongen igjen allereie neste veke mot Vegard Heltne sitt Ørsta, startar Hasundgot (forhåpentlegvis med Heltne i troppa) først i veka etterpå – borte mot Tjørvåg.

Vårsesongen var svært god for Hasundgot sin del, og etter seks kampar toppar vi tabellen i 6.-divisjon avd. 3 framfor Bergsøy sitt andrelag (som har éin kamp meir spelt).

Vårsesongens siste kamp var også nettopp mot Bergsøy 2, som enda med poengdeling.