Hasundgot IL

Siste nytt

Kvamsøy – Hasundgot 4-1

Dette var dagen der absolutt ingenting klaffa for Hasundgot.

Det har alltid vore eit problem å stable eit slagkraftig lag på beina til å reise ut på Kvamsøya for spele kamp. (kan ikkje heilt forstå det). Og det skulle ikkje bli noke lettare denne gongen her, totalt var vi 13 stk som gjekk i land på Kvamsøy klar til kamp. Av dei 11 som starta sist kamp var det kun 4 stk som hadde anledning å bli med denne gongen, og av dei 13 som vi hadde med ut var 5 guttespelera. Keeperen Inge Saunes huka vi på ferga, han var på vei til Sandsøy på klassetur, så Audun forhandla fram ei avtale med klassestyraren slik vi fekk ta han med på kampen.

Draktene som dokker kan sjå på bilde er med tydligheit ikkje våre, dei fekk vi låne med Kvamsøy, da en ikkje navngitt Hasundgot spelar glømte å ta dei med seg. Men kamp vart det, sjølv om det vart ein vanskelig kamp for Hasundgot, vi slapp inn 2 kjappe mål i løpe av dei 10 første minutta. Men vi fekk summa oss å prøvde å spele fotball, vi la oss lavt i bana og fekk skapt mykje bra på kontringar og overgangar.

Audun måtte ut med skade etter ca 25.min, det gjor ikkje ting lettare, men Vegard vart flytta ned som stoppar å gjor en bra innsats der.

Stillinga til pause var 2-0, og etter pausa fortsatte vi å prøve å gjer det beste ut av situasjonen. Utligninga fekk vi til slutt, og det var debutant Fredrik Dimmen som sto for når han var på rett plass, til rett tid på en retur frå keeper. Men mot slutten av kampen begynnte kreftene å ta slutt og vi vart vel litt meir ukonsentrert, så vi fekk to mål ekstra i sekken til heimreisa før dommaren blåste av kampen.

Laget: (4-5-1): Inge Saunes, Bendik Bigset, Audun Wingsternes, Mats Bigset, Lars Tore Garshol, Ruben Muren, Kjetil Knotten, Tore Romestrand, Jan Robin Haraldsvik, Erik Hasund, Vegard Sundgot Innbytte: Fredrik Dimmen og Svein E. Ertesvåg

Mål: Fredrik Dimmen

Heder: Vegard S.** , Tore* , Kjetil*

Onsdag 10.06.09 Svein Eirik Ertesvåg