Hasundgot IL

Siste nytt

G14 på Skandia Cup: Uavgjort i første kamp

Denne veka er Hasundgots G14 på cup i Trondheim.

Måndag, tysdag og onsdag denne veka er det gruppespel i den tradisjonsrike turneringa Skandia Cup, som går føre seg i Trondheim.

Hasundgot sitt G14-lag skal denne veka møte Byåsen, Charlottenlund og Freidig i gruppespelet.

Måndag var det Byåsen som var motstandarar, og der vart kampen 1-1.

Les også: Draktberarar på Lerkendal!

Trenar Georg Aursnes skriv til Hasundgot-redaksjonen at dette var ein godt gjennomført kamp, der Hasundgot fekk ei fortent utlikning etter å lege under.

– Flott gjeng som kosa seg på tur! skriv Aursnes vidare.

Vi ønskjer Hasundgot lukke til i dagens kamp mot Fredig og vidare i turneringa 🙂

Om du ønskjer å følgje med på korleis det går, kan du følgje med på cupens resultatservice.

Bilete frå første kampdag: