Hasundgot IL

Siste nytt

Sommarfest for barnehagen måndag kveld

Stadion vert oppteken fram til klokka 19:00

Måndag 25. juni skal Sundgotmarka barnehage arrangere ein sommarfest frå klokka 17:00 – 19:00.

Til dette arrangementet har barnehagen reservert stadionanlegget.

Hasundgot IL oppmodar derfor lag som har treningstider i dette tidsromet til å utsetje treninga, eller trene på alternative måtar denne dagen.

Kanskje kan ein nytte høvet til å ta seg ein fjelltur, joggetur, sykkeltur eller liknande.