Hasundgot IL

Siste nytt

G14: Draktberarar på Lerkendal

Det var ei stor oppleving for Gutar 14 år denne helga.

Måndag startar Hasundgot G14 på den tradisjonsrike turneringa Skandia Cup, som kvart år sidan 1975 blir arrangert i Trondheim.

For å tjuvstarte ei flott veke i vente, fekk laget Hasundgot-gutane ei stor og viktig oppgåve på sjølvaste Lerkendal!

Før storkampen mellom Rosenborg og Vålerenga fekk gutane bere det eine flagget med Rosenborgs drakt, som skulle leggast ut på banen før kampen starta.

– Stor opplevelse som drakt-bærara på RBK-VIF, skriv trenar Georg Aursnes til redaksjonen vår.

På vegne av Hasundgot IL vil vi gjerne gratulerer gutane med ei flott fotballhelg, og ikkje minst lykke til på denne vekas Skandia Cup.

Om du ønskjer å følgje med på korleis det går, kan du følgje med på cupens resultatservice.

Bilete frå RBK-VIF: