Hasundgot IL

Siste nytt

G19: Opprykk til 2.-divisjon!

Etter ein solid vårsesong er G19 klare for 2.-divisjon i haust.

Laurdag spelte Hasundgot sitt juniorlag vårens aller siste seriekamp, og det mot dåverande tabellnabo Spjelkavik 2.

Med siger ville Hasundgot ta eit stort steg mot toppen av 3.-divisjon, avhengig av korleis det gjekk i den andre kampen mellom (dåverandre serieleiar) Stranda og Skodje.

Hasundgot tok ein solid 7-2-siger over Spjelkavik, og segla derfor opp på tabelltopp.

Når det i tillegg vart bortesiger til Skodje på Stranda på søndag var det omsider klart: Hasundgot tok avdelingssiger i vår og er dermed også klare for 2.-divisjon i haust!

Om ingen av dei eksisterande laga i 2.-divisjon ønskjer å ta steget ned ein divisjon vil Hasundgot møte følgjande lag til hausten:

  • Ørskog /Stordal
  • SIF/Hessa
  • FK Sykkylven /SIL
  • Langevåg
  • Godøy GOGI
  • Valder
  • Ørsta

På vegne av klubben gratulerer vi trenar Lars Breivik og spelarane med ein vel gjennomført vårsesong, og ønskjer dei lykke til mot nye motstandarar i ny divisjon til hausten.